Oppskrifter frå urtehagen og andre oppskrifter av interesse
Urtesmør

  Kvitløk – og persillesmør

3 ss finhakka persille

100 g smør

1 pressa kvitløkskløft

salt og peppar

~~~~~~~~~~~

Urtesmør

2 ss friske krydderurter

eller

2 ts tørka

 basilikum, timian eller oregano

100 g smør

1 ss sitronsaft

salt og peppar

 ************************

  Persille og grasløksmør

2 ss persille, hakka

1 ts grasløk, hakka

225 g smør, litt mjukt

safta av 1 sitron

salt og peppar, nykverna

 

Rør smøret mjukt og set til krydder.

Lag ei pølse av smøret på aluminiumsfolie. Rull smøret inn i folien og lat det stivna i kjøleskapet. Skjer i skiver eller rull bitane til kuler før du serverer.

 *******************

  Kryddersmør.


½ kg smør

3 ts paprikapulver

1 ts chilipeppar

3 – 4 ss worschestersaus

litt persille

ca ½ ss havsalt

Ha romtemperert smør i kjøkkenmaskina saman med alt krydderet.

Ha i saltet til slutt. Rør saman og legg på matpapir. Rull og form til ei pølse. Legg smøret kaldt og skjer det i skiver ved servering. Flott å frysa!

 

Urtesmør
Eplemyntekake

 

250 g sukker

250 g smør

2 ts vaniljesukker

4 ts bakepulver

250 g kveitemjøl

4 egg

5 eple

                              1 dl eplemynte klippa i strimler

                                                  -------------

Rør smør og sukker kvitt. Set til egga, sikt mjøl, bakepulver og vaniljesukker i bollen. Ha i finklippa mynte til slutt. Hell røra i ei lita langpanne som måler ca 18 x 24 cm. Skjer epla i tynne skiver og stikk dei ned i deigen. Strø sukker og kanel over. Steik ved 200 gr. i ca 25 min. midt i omnen.

Eplemyntekake

Unnis urteloff



*****************

Steikeomn på 200 gr.

 

50 – 75 g smør

3 ½ dl søt melk

50 g gjær

1 egg

1 ts salt

½ ss hakka timian

½  ss hakka rosmarin

½ kg kveitemjøl

 

Smelt smøret og slå over melka. Ha gjæren i bakebollen og slå blandinga over. Rør gjæren godt ut. Set til halvpiska egg, salt og krydder. Sikt på mjølet og arbeid deigen til han ”slepp” bollen. Set han på ein lun stad og hev han til dobbel storleik. Hell deigen ut på benk/ bord og trill han ut til to loffar eller til rundstykke. Set dei på smurd plate og hev i ca. 15 min. Pensla med egg og dryss litt hakka timian på.

Steik loffane  nederst i omnen i 20 – 30 min.

Deigen er laus, men skal vera det. Loffane er fine å frysa. Når ein skal bruka dei, set ein dei noen min. i varm omn. Dei blir heilt sprøe og kanskje endå betre då!



Saftig gulrotbrød

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

(2 brød)

7 dl vatn

50 g gjær

2 ts salt

4 ss olivenolje

200 g sammalt kveite, grov

250 g sammalt kveite, fin

600 g kveitemjøl

150 g reven gulrot

*****

Pensla med:

egg eller lunka vatn

  *****

Rull i:

50 g linfrø

******

Steik ved 225 gr. i ca 40 min på nederste rille.

******

Rør gjæren ut i lunka vatn. Set til salt, olje og begge variantane med sammalt kveitemjøl. Rør det godt saman. Riv gulerøtene og ha dei i blandinga.. Elt inn så mye kveitemjøl som du treng for å få ein smidig og god deig. Legg eit klede over bakebollen og set han på ein lun stad i ca. 30 min.

Slå ned deigen og del han i fire emne. Trill til ca. 20 – 30 cm lange pølser.

Pensla to av dei og rull dei i linfrø. Tvinn/vri saman eit emne med frø og eit utan. Legg dei på bakepapirkledd steikebrett og etterhev under klede i ca. 45 min.

Steik i 40 min og avkjøl på rist.

 

 


 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 13:04

Vacker Hage och så vacker miljö du bor i. Söt katt också som sällskap på promenaden :)
Tack för att du delar med dig av de fina korten
Karin SKARA //

...
28.07 | 22:52

Det er du hjarteleg velkommen til, om du er på desse kantar.

...
28.07 | 19:49

For ein hage! Og så mange flotte planter du har! Kor kjekt det hadde vore å få sjå hagen ein gong :)

Ragnhild

...
14.04 | 20:17

Så nydelig du har presentert bildene fra din skjønne hage med musikk osv.

...
Du liker denne siden