Hei!
Eg heiter Anne Torhild Hunsbedt og bur i
Kvinesdal, Vest Agder. Eg er gift med Sven, har fire vaksne sønner, og
er utdanna som lærar. Er farmor til fire, tre nydelege jenter og ein flott gut.
Hageinteressert har eg alltid vore, i
større eller mindre grad, særleg større. I tillegg er eg interessert i
og driv med mange andre, meir eller mindre, rare ting også.
Her på bloggen håpar eg med jamne
mellomrom å skriva om hagesprella mine, som til tider kan bli både
merkelege og snodige. Og om andre store og små
ting som skjer i livet mitt.
Håpar du vil lika det du les.
👍
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
Hagefilosofien min:
*************
She who loves a garden
Loves the joy of simple living
And the peace on which
No man can set a price.
Frå engelsk.
****************
Familien
min.