Anne Torhild sine hagesprell og litt til. Hendingar og tankespinn

5.april

I dag vil eg skriva litt om fjellhagen og steinbeda mine. Fjellhagen har eg forsåvidt presentert på framsida, under "Litt hagehistorie."

Eg har alltid vore fascinert av steinbedplanter. Jo rarare, dess betre. Kompakte vekseformer og uventa og artige blomar. Fine å klappa på er dei også. Harde, tette tuer.

Særleg saxifragaene ( sildrer), har eg hatt sansen for, men det er så mange andre. Androsacer, drabaer (rublomst), sempervivum (takløk), sedum (bergknapp) etc, you name it. Ein eg ventar spent på og som kanskje vil bløma nå i vår, er Callianthemum anemoneoides. Den sådde eg for 3-4 år sidan, og den har overlevd 3 vintrar ( ikkje gløym dei 2 tøffe i fjor og forfjor) ute. Optimisten i meg ventar spent.

For 4 år sidan laga husbond  nytt bed av restane i ein del av den forrige fjellhagen. Der hadde eg tidlegare "mura" med både avislag og torvblokker. At eg på den tida, i slutten av 1990 - åra, hadde eit svære strev med å få tak i torvblokker, er ei heilt anna historie. Ingen visste kva det var, og i alle fall ikkje kva eg skulle bruka dei til. Dei berre rista på hovudet, såg rart på meg og lurde på om dama var heilt vel bevart. Eg måtte heilt til Grimstadkanten til slutt med tilhengjar og greier. Eg prøvde meg på torvskjering også. Ein snill nabo på heia hadde ei torvmyr der eg kunne prøva. Eg skjøna veldig fort at det er heilt sant at dei i gamle dagar sleit i torvmyrene. Mygg og klegg, orm, slever og firfisler og andre likesinna likar seg også på slike plasser. Karriera som torvskjerar tok ein brå slutt. 

Så var det avispapir. Eg samla aviser ein heil vinter i lader. Har aldri sett så mange aviser på ein gong, sjølv om eg i min "grønne ungdom" jobba i Haugesunds Avis på trykkeriet der som korrekturlesar. Eg hadde nemleg fått med meg at aviser var "kluet" når det galdt støttemurar. Var til og med reportasjar i hageblad om "hagekjendisar" som brukte dette. Men at somme av desse folka  i tillegg grov ned gamle tepper og matter i beda også, var liksom ikkje heilt meg. Det fekk vera ei grense. Kva hadde skotskrutete vegg -til veggteppe i grelle fargar, laga av kunstfiber og med gummiert bakside i eit bed å gjera? Kunne det vera miljøvennleg? Det minna litt om eldre tider då ein hadde ein særleg plass, kalla "dynga" ( eller "røysa") ikkje langt frå huset, der ein kasta det meste. Det vil seia, før det på 60 -og 70-talet blei innført tvungen renovasjon, og dei fleste kommunar haddde ei eller fleire søppellister mot dette fenomenet ved lokale val. I alle fall her på Sørlandet.

Me hadde ei slik dynge heime også, og særleg to av tantene mine var ihuga tilhengjarar av den. Men det var observante og oppfinnsame ungar på garden også, som fekk det meste med seg, og kanskje alt same kvelden blei alt det nye skrotet frakta heim att i stor triumf over alle dei nye og flotte skattane. Somme var jo ivrigare til det enn andre, då....for alt kunne nyttast i ei leikehytte. Nå har den samlemanien utarta seg meir i retning, tja....planter?

 

Tilbake til avisene. Då våren kom, bar det til å mura. Well..... ikkje det finaste eg har sett, men det fungerte på ei vis. Det vil seia, eit par års tid, til avisene så smått begynte å smuldra opp, og det var avisbetar overalt. Og då meiner eg OVERALT! OK!! Kvifor brukte eg ikkje stein med ein gong? Ja, det har eg spurd meg sjølv om mange gonger. Men med ein travel husbond og sjølv ein travel kvardag med hus og heim, ungar og jobb, skulle det gjerast lettvint. Eg hadde jo brukt stein lenger oppe i bergsida. Den som etterkvart rasa ut med hjelp av strenge vintrar, frost og tele. Så folkens, GODT GRUNNARBEID ER VIKTIG! Dessutan visste eg for lite om steinbed og fjellplanter i det heile tatt. Ikkje visste eg kven eg kunne rådføra meg med heller. Så dette har vore "Learning by doing" i ordet sin rette forstand. Særleg mange av plantene hadde eg rett og slett ikkje nok kunnskap om. At somme av dei overlevde i fleire år, må vel seiast å vera eit under.  Nå føler eg at eg har komme til eit punkt der eg trur eg kan mestra denne delen av hagen så omtrent. TRUR EG......... Med hjelp av gode plantevenner rundt om som KAN dette, og ikkje minst etter å ha høyrt, lese om og vore på besøk i PETER KORN ( som er "guru" på dette området) sin hage i Sverige i fjor, skjønar eg kanskje litt meir.

 

Men framleis har eg kjempesperre for å rista all mold av steinbedplanter, og planta dei rett i sanden. I fjor gjorde eg ikkje det, litt mold måtte dei jo ha ( trudde eg). Det har straffa seg med at frosten har løfta dei opp, over sandnivået. Dei som av ein eller annan grunn blei planta rett i sanden, utan jord, står like fint. Så dei få eg har planta til nå i år, rista eg, under stor tvil, molda av. Akkurat det har eg ikkje skjønt ennå.....Og som sagt, sperrene var/er store...... og eg har framleis utruleg mykje å læra.

Akkurat dette med sand i staden for mold etc., og korleis ein byggjer opp eit stenbed, skal eg ta for meg i ein annan samanheng. Det kan jo verka litt forvirrande på nokon kvar, meg sjølv inkludert.

 

Eg vil nemna eit par bøker som har vore til stor inspirasjon og nytte. Først og fremst den danske forfattaren Jørn Dannesboe bok "Stenbedet" ( Dansk Gyldendal forlag). Denne boka er reine steg for steg - oppskrifta ved anleggjing av fjellhage/steinbed. Han har også tatt med alfabetisk liste over plantearter,  vekstvilkåra deira og kor godt dei kan klara det tøffe, nordiske klimaet.  Adresser til opne hagar, planteskular, klubbar/foreiningar i Danmark, Sverige Storbritannia, Tyskland og Sveits er også med i boka. Ei anna bok eg har hatt stor glede av, med omsyn til ideear og inspirasjon, er "Drømmehagen slik blir den virkelighet" av dei svenske forfattarane Lisa Winnerlid, Sven Gösta Johansson og Folke Mattson, omsett til norsk av Mona Lande, Gyldendal forlag. Elles kjem eg etterkvart til å leggja ut bilder i albumet frå fjellhagen/ steinbeda.

Jørn Dannesboe har forresten også skrive ei bok om lundhagen/woodland, og den fekk eg tak i nå i vår då eg var ein tur i Danmark. Så nå skal det bli fart i lundhagen min også. Men det er eit anna kapittel.

8. mars

I dag skriv me 8. mars og Kvinnedag. Heilt greit det. For mange kvinner jorda over, er den dagen ein viktig dag, ein dag som kan gi dei eit lite håp om ei betre framtid.

Etter vår i sist veke, kom det ny snø i går. Men snøen som kjem nå, plagar meg ikkje, for eg veit han blir ikkje liggjande lenge. Og sola er nå kommen heilt over heia, og titta inn stoveglaset rett før kl. 11.00 i dag. Stor framgang etter å først å vera borte i 3 månader, og så dukka opp att 4. februar, berre eit kvarters tid. Nå skin ho i hagen og gir varme og liv heile 7 timar pr. dag, knapt ein månad etter at ho dukka fram frå vinterdvalen. Midtsommars er det rundt 18 timar.

Så  fekk eg endeleg fotografert dei fantastiske planteborda (tidlegare CD-bord frå eit bibliotek) eg fekk tilsendt frå Solfrid i Fredrikstad. Gler meg som ein unge til å ta dei i bruk.  Og så hadde eg årets første foto-seanse i hagen.

Men eg gremmest litt over dei to solcelleskulpturane eg raska med meg på AZ i Hjørring. I kveld blinka det først raudt, så grønt og så gult......... Ja, du las rett!! Sto liksom ikkje i stil med skulpturane som var skikkeleg romantiske å sjå til. Reine rokkokofigurane som passa godt inn i rosehagen min. Det skal ikkje vera enkelt!

Elles driv eg innimellom og ryddar i desse oppskriftene, og klør meg i hovudet over kvifor eg har samla på alt dette opp igjennom åra. Men jammen er det mykje god mat. Og alle dei lekre kakene........ Det er berre det at til dagleg har eg eit enkelt og sunt levesett og er aldeles  ikkje  glad i søtt. Så det blir sånn litt tragikomisk. Men det er meg i eit nøtteskal, til tider litt kontroversiell og "kjerringa mot straumen" -type. Somme vil seia at eg er litt uforutseibar.

27. februar 2012.

Regn og skodde ute, etter ein strålande fin søndag i går. Meryl Streep har vunne Oscarpris, og det kjennest godt, sjølv om me ikkje er i same bransje. Men sidan me er omtrent jamgamle, viser det berre at "dei gamle er eldst". Planen i dag, er klipp og frisering av pelargoniar. Og sidan plantene ikkje kjem seg til frisøren, må frisøren komma til dei. Håpar ikkje for mange har tatt kvelden. Det er både vanlege og uvanlege Zonaler, hengepelagoniar, duftpelargoniar og botaniske arter (villarter). Zonalene har eg for bladverket si skuld. At mange av dei har flotte blomar også, er berre eit pluss. Hengepelargoniar er strengt tatt ikkje blant favorittane, men har nokre få med spesielle blomar og ditto bladverk. Det det heile starta med, var "duftene". Bladene på dei duftar alt frå dei lekraste roser til sure sokkar. Via "duftene" oppdaga eg dei botaniske, dei opprinnelege artene. Alt dette skjedde for ca 20 år sidan. Ingen eg kjende, samla på pelargoniar. Kom etterkvart i kontakt med bl.a eit frøfirma i Canada som både selde stiklingar og frø. Sådde dei få frøsortane dei hadde ( dei selde ikkje stiklingar til Europa, så det kunne eg berre gløyma), og etter det balla det heilt på seg. Også frøfirmaet "Silverhill" i Sør Afrika ( pelagoniane sitt heimland) har eg fått mykje frø frå. Og nokre få stader her til lands oppdaga eg hadde stiklingar til salgs. ( M.a. Randi Ulvik Haugan, Langangen Planteskole og Det Lille Gartneri). Etterkvart også fleire lokale aktørar. På det meste hadde eg nærare 300 pelargoniar. Og eg kjøpte bøker om pelargoniar, las til auga blei stort og vått, og fann ut at eg ikkje kunne ha alle. Her galdt det å setja grenser. I 2007 var eg med og starta Pelargoniaforeningen Sør som ei grein av Den Norske Pelargoniumforening.  

Så kom rotlusa..........Først visste eg verken at det var noko som heitte det, eller at eg hadde det på mine planter. For plantene ser friske og fine ut, trass i angrep. Bladlus, ull-lus, hovudlus, flatlus, lakselus, skjoldlus, joda, alle desse hadde eg høyrt om, utan at eg dermed hadde vore i kontakt med alle. Men rotlus? Heldigvis var det ein annan ihuga pelargonfantast som gjorde meg merksam på problemet, og då skreid fruen til verket. FOR: det var ikkje berre ei og anna plante som hadde det, men ganske mange. Sånn sett omtrent alle. For rotlus er som dei fleste lus, veldig smittsamt! Når plantene står saman på same brett, eller blir potta om på same stad, følgjer lusa med. Sjølvsagt gjer ho det. Ho har jo reine festkalaset året rundt. Og ein ser ho ikkje, for ho er nede i potta. Eg hadde jo sett dette blåkvite belegget på innsida av pottene, og noko kvitt i molda rundt røtene, men gjekk ut frå det var noko i jorda, ein slags steinar eller fyllmasse, TRUDDE EG! Ja, på ein måte var det jo det! Men folkens! Det var rotlus!  Og faktisk såg eg jo då at at mange av desse kvite prikkane i jorda rett og slett rørde på seg! Då var ikkje vegen lang til det eg kallar "hestekuren"! Og som faktisk hjalp! Men tenk dykk, over 300 planter skulle gjennom dette......!!

STEG 1: alle plantene blei reinsa for mold, spylde med lunka vatn frå hageslangen og sprøyta med PROVADO på røtene. Dette blei gjort på ein spesiell stad, slik at lusa ikkje skulle følgja med til neste stasjon. STEG 2: Alle fekk heilt reine potter og nye etikettar, vaska i grønsåpevatn, og ny mold eit stykke frå spyleplassen. Dei som var hardast ramma, blei sett til rotbløyting over natta i ei blanding av vatn, grønsåpe, raudsprit og matolje. Til ei bøtte vatn brukte eg eit par spiseskeier med olje og sprit og ein god dæsj med grønsåpe. Dette var om hausten før plantene blei sette inn. Neste vår blei alle undersøkt på nytt, og dei som framleis hadde lus, fekk ny behandling. Må nok tilstå at eg mista ein del planter den vinteren, men det var av andre årsaker. Somme tørka opp, og andre fraus. Men det er ei anna historie. Kort sagt er det å berre å innrømma at etter dette mista eg litt av iveren, så det er ikkje fullt så mange planter nå. Kanskje like greit. Men kvifor heiv eg dei berre ikkje, og skaffa meg nye? Somme av desse plantene hadde eg hatt i 10-15 år. Mange var uvanlege og sjeldne, pluss at eg faktisk hadde ala dei opp sjølv. Så då kastar du berre ikkje med ein gong. Men kor kom rotlusa frå då? Ja, sei det. Kan ha følgd med planter frå andre eller komme av seg sjølv utanfrå? Fuglane veit. Står planter med potta rett på bakken, kan dei sikkert komma inn på den måten. Derfor er det lurt å ha underskål, eller la dei stå oppå ei hylle eller liknande.

Vel, vel, det var rotlusa.

Før hadde eg oppvarma drivhus som plantene stod i om vinteren.Men det blei dyrt i lengda. Frykteleg dyrt, med straumrekningar som ikkje likna nokon ting, sjølv om drivhuset var isolert og polstra etter alle kunstens reglar. Og kva om straumen gjekk? Det opplevde eg eit år i slutten av februar. Plutseleg blei det beinkaldt, ned i -22 gr. ei natt. Av alle netter var det den natta E- verket hadde bestemt seg for å slå av straumen for å fiksa eit eller anna. Gjett om det var ei som fekk panikk. Plutseleg var frua lys vaken, og særleg meir svevn blei det ikkje den natta. Ikkje kunne det nytta å gå ut og sjekka heller. Det fekk berre stå til.  Plantane hadde nettopp begynt å skyta, så her var det stor fare på ferde. Ein del nye skot fraus, men plantane klarte seg stort sett. PUH!!

Nå står dei i frostfri kjellar med plantelys, og det fungerer veldig bra. Startar rett nok ikkje sesongen like tidleg, men er mykje greiare å justera når det t.d. gjeld vatning og temperatursvingingar. Berre nokre få har sagt takk for seg denne vinteren. Og det er noko spesielt når du ser dei skyt nye skot. Dagens dont gjekk godt unna. Fekk faktisk tatt fleire enn eg hadde tenkt før ryggen begynte å krangla og klaga, så det var bra. Resten står for tur i morgon.Whow

 

22. februar 2012

Veret ute har vore heilt forferdeleg i dag. Så då har det blitt innesysler. Har sydd ferdig gardiner og rydda i oppskriftene mine. Har samla oppskrifter eit heilt liv, men nå begynne det endeleg å bli eit slags system i galskapen. For galskap er det. Kva i all verda skal eg med alle desse opskriftene? Kjem aldri til å laga alle dei matrettane, eller strikka alle dei genserane og hekla alle dei sengeteppa og gardinene. For ikkje å snakka om å sy alle dei lappeteppa? Men det ligg noko langt inni  meg som berre "må ha det". Av og til lurer eg på kvifor folk samlar på frimerke? For ikkje å snakka om serviettar? ( Det gjorde eg også da eg var jentunge, og for den som ikkje veit det, har eg dei ennå, og der er det mange godbitar, skal eg seia dykk......). På meg verkar det litt formålslaust. Då er det betre med oppskrifter, for dei er nå av og til nyttige, sånn ein sjeldan gong. Det har jo HENDT at eg visste eg hadde ei oppskrift som eg absolutt måtte servera i akkurat det juleselskapet, og så var ho aldeles ikkje å oppdriva.....Derfor sit eg nå og arkiverer. Og eg elskar det. Å sitja slik å systematisera og organisera er noko av det gildaste eg veit. Det kjennest så godt etterpå. HVIS eg nokon gong blir ferdig da........ Men eg samlar på andre ting også. PLANTER for eks. Lenge trudde eg at eg var ÅLEINE om å vera hagegal og plantesamlar. ( Har alltid vore individualist og sær og gått mine eigne vegar, ofte stikk mot straumen, så det var jo ikkje noko nytt....) Men oppdaga (litt for seint) at det fantest likesinna i dette landet, for ikkje å snakka om i denne verda. GOSJ! Eg starta midt på 80-talet, men då fantest det ikkje mange godbitane å oppdriva, nei. Men eg klora og karra til meg, så noko må det ha blitt etterkvart. Og alle dei "plantedillene" eg har hatt. Det er vel ikkje eit planteslag eg ikkje i større eller mindre grad har hatt dilla på. Har sådd og styrt, kjøpt på mold og potter og sendt etter planter og frø  i aust og vest, og alt opp i mengder, i tillegg til mann, ungar, hus, jobb og heile sulamitten. Nå lurer eg på korleis eg klarte alt. Det er visst noko som heiter at "lufta går ut or ballongen". Om andre vil så, prikla og styra på, kjøpa og importera, så dei om det. Det var det eg gjorde for 10 -15 år sidan. Så, om eg ikkje får akkurat den sjeldne planta der og då, så går det fleire tog. Ver du sikker! Men ser eg noko skikkeleg lekkert, noko eg har sikla på lenge, DÅ..............ja, då skjer det noko inne i hjernen, augene får eit eige uttrykk ( kan samanliknast med Onkel Skrue når det står KR i augene hans), OG det blir skikkeleg fart i "Gamla." Det er ikkje verre enn det.

Etterkvart var tanken at eg skulle ta for meg dei ulike "plantedillene" mine, og skriva litt om dei. Det kan dukka opp mykje interessant då som eg har fortrengt.

 

21. februar.

I dag ( eller rettare sagt i går) skreiv me 21 . februar, og mildveret som har sett inn, tærar heldigvis godt på snøen, til underteikna si store glede. Ei veninne kom i dag og fekk nokre greiner av vrihassel eg hadde lova henne tidlegare. Då me vandra rundt i hagen på årets første hagerunde( me plar ha mange i løpet av året) i grovkorna og blaut snø, titta både det eine og det andre opp.  Apeskrekken såg ut til å ha tålt vinteren godt og sandbedet som var nytt i fjor, var delvis avdekka og såg veldig spennande ut. At eg kanskje ikkje skulle ha frisert vrihasselen nå, er ei anna sak, for kanskje han kjem til å blø?Forvirret Uff! Jaja, han er heldigvis stor og trong ein klypp, så det går vel bra.

Men alt er ikkje bare glede her heller. Det heiter i ei salme  ( Kingo? ) at "Sorgen og gleden de vandrer tilhobe", sjølv om det kanskje er sagt i ei anna meining. Saka er ( og det er noko alle veit, og det gjentar seg kvart år): Når snøen forsvinn, kjem alle andre uhumskheter for ein dag, alt det du oversåg i haust og verken ville eller kunne gjera noko med ( særleg det første). I mitt tilfelle her, var det kattedrit ( kvinesdalsk: DRIID) som openberra seg. I mengder, overalt!  Æsj og grøss! Det såg skikkeleg "krekslig" ut ( også lokalt uttrykk). Og er det noko eg får psykisk sperre av, så er det kattedrit. Dama til med stor og liten spade, og vekk, langt vekk med heile dritten. Kor han hamna til slutt, lar eg vera usagt. Og krangelen eg hadde inne etterpå, oppe på loftet, med støvsugaren, går eg også forbi i stillhet. Nå ventar eg på morgondagen og endå meir mildver. Liker

Optimisten lenge leve!

Biletet er tatt i 1984. Eg står bokstaveleg i startgropa når det gjeld HAGE.

 

Nyeste kommentarer

16.09 | 13:04

Vacker Hage och så vacker miljö du bor i. Söt katt också som sällskap på promenaden :)
Tack för att du delar med dig av de fina korten
Karin SKARA //

...
28.07 | 22:52

Det er du hjarteleg velkommen til, om du er på desse kantar.

...
28.07 | 19:49

For ein hage! Og så mange flotte planter du har! Kor kjekt det hadde vore å få sjå hagen ein gong :)

Ragnhild

...
14.04 | 20:17

Så nydelig du har presentert bildene fra din skjønne hage med musikk osv.

...