Anne Torhild sine hagesprell og litt til. Hendingar og tankespinn

Lundhagen. The Woodland.

Eg har tidlegare skrive litt om lundhagen min. Den er ikkje stor, men der har eg prøvd å samla planter som likar det litt fuktig, som blomstrar tidleg på våren, for sidan å visna ned, blomster og planter som likar seg i skuggen under trea, og planter som likar såkalla vandrande skugge. Dvs, dei likar sol, men ikkje steikande heile dagen. I tillegg til ei stor og flott rogn og eit par tujaer, står det fleire japanske lønner der. Også rhododendron er det fleire slag av. Hostaer, bregner, anemoner, blåveisar, trilliumar, valmuesøstre og mange andre stortrives her. Også mange liljer og dagliljer står her, i overgangane til dei vanlege hagerabattane.

Heilt i starten på hagen, stod det bærbuskar her. Det var den gamle bærhagen til svigermor. Kanskje det er derfor det plutseleg har dukka opp ein solbærbusk, midt i lundhagen? Me hadde poteter der, ymse grønsaker, jordbær m.a., og JORDSKOKK!! Eg går forbi dei og deira liv i all stilla. Dei høyrer heime i grønsaks/urtehagen, på eit avgrensa område. Men at denne solsikkeslektningen er vakker når han blømer, er eg ikkje ueinig i. Likevel. Må vera tidenes verkelege mareritt om det plutseleg skulle dukka opp jordskokk midt inne i ein hosta eller ei bregne?

Starten på Lundhagen var eigentleg Rota, utan at eg då visste det. Rota kom seilande nedover Litleåna i ein voldsom flaum sommaren 1991. Ho stranda ved Gullberget, rett bak låven. Dessverre er Gullberget borte nå, fordi det stengde for mykje for vassføringa, og gjorde at åna fløymde over jordene heilt over på andre sida, rett som det var. Om det var så mykje hjelp i å skyta det vekk, veit eg ikkje, for åna fløymer over nå også, mest like mykje som før. Gullberget kunne også laga herlege naturopplevingar i isbrytinga om våren. Då samla all isen seg der, og etter å ha lege der og gnissa og samla seg opp over fleire timar, losna plutseleg heile ismasssen med bulder og brak, og seilte nedover. Litt av eit syn! Gullberget har også vore ein ynda badeplass for heile storfamilien opp igjennom. Dei fleste i slekta har mange, gode sommarminne derifrå .

Men tilbake til rota. Ho blei liggjande der nokre dagar, og fruen fekk eit syn, eller openberring om du vil: "Den der skal eg ha i hagen, akkurat på den staden der", som altså var ved inngangen til den nåverande lundhagen. På den tida var vel frukt -og grønsakhagen ein saga blott, og staden møysommeleg gjort om til vanleg blomerabatt. Men særleg fornøgd med han, var eg ikkje. For mykje "sop - i - hop" blomar hamna som regel der. Så som fagerfredlaus, steppemjødurt, invaderande floks, kjempekonvall etc. Så det såg jo ut deretter også. Eit par, etterkvart svære krypbarlindar, var det også. Og eg skal helsa og seia at dei ikkje berre kraup nei. Dei blei ENORME i alle kantar og retningar. Men rota! Den passsa også då, som nå, akkurat inn  i opninga av dette bedet. Ho var med andre ord: PERFEKT!

Så var det å få henne opp frå Gullberget då, der ho hadde kilt seg fast.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 13:04

Vacker Hage och så vacker miljö du bor i. Söt katt också som sällskap på promenaden :)
Tack för att du delar med dig av de fina korten
Karin SKARA //

...
28.07 | 22:52

Det er du hjarteleg velkommen til, om du er på desse kantar.

...
28.07 | 19:49

For ein hage! Og så mange flotte planter du har! Kor kjekt det hadde vore å få sjå hagen ein gong :)

Ragnhild

...
14.04 | 20:17

Så nydelig du har presentert bildene fra din skjønne hage med musikk osv.

...
Du liker denne siden