Anne Torhild sine hagesprell og litt til. Hendingar og tankespinn

Trillium, bregner, veisar og litt til

19.april.

I hagen har eg eit lite Woodland eller Lundhage som det visstnok heiter på norsk. Namnet tilseier at her veks det planter som vil ha litt skugge, gjerne vandrande, ha det litt fuktig, eller planter som gjerne dukkar opp tidleg på våren, før trea får lauv, slik at dei kan gjera seg nytte av sollyset då. Slik som kvitveisen t.d. Hos meg er det andre veisar også: gulveis, halvveis ( han heiter faktisk det) og andre variantar av vanleg kvitveis. Og sidan det i nabolaget også veks ville kvitveisar med fargevariantar frå karmosinraudt via rosa til kvit, har planen i mange år vore å også innlemma desse her. Men av ein eller annan grunn, uvisst kvifor, er ikkje dette blitt ennå.

Blåveis er det også i lundhagen, ulike slag bregner, og ikkje minst: Trilliumar. Favoritten min framfor nokon. Sist eg talde over, ein gong i fjor eller forfjor, var det over tredve variantar, medrekna hybridar og krysningar. Den eg er mest kry over, er ein krysning mellom T. erectum og T. flexipes. Du ser bilete av han over til venstre. (Biletet er trykkbart). Ein god hagevenn har gitt han namn: Trillium erectum x flexipes "Anne Torhild". Fleire har fått av han, noko dei bør sjå på som ei ære.Kul Det er vel den trilliumen eg har hatt lengst, trur eg. Han har stått i nærleiken av ei gammal trerot, ikkje så langt frå ei bregne. Denne bregna er også vakker og spesiell, syns eg, og ikkje heilt vanleg, den heller. Av ein eller grunn fann denne bregna ut at ho absolutt skulle utvida seg og veksa der som trilliumen stod. Desverre for trilliumen, blei han den svake part i denne symbiosen. I fjor sommar regna det, som me alle veit, og bregna stortrivdes. Sikkert trilliumen også, sjølv om han trekker under jorda når det lir litt på. Våren starta tidleg her i år, og dei fleste trilliumane dukka opp etter kvart. Men ikkje denne. Og eg tenkte uroleg: Nå har han fått nok. Overmakta blei for stor. Men plutseleg for 3 -4  dagar sidan, stod han berre der (trilliumar har det med det, brått er dei berre der), midt inne i bregnerota. Og ei stor bregnerot er både hard og kompakt. I alle fall denne. Vel, kort fortalt: I dag gjekk eg til skilsmisseforhandlingar. Spadde opp med hard hand, og etterpå inn i drivhuset og skilde frå trilliumar, store og små, røter og klumpar. Eg var livredd for å ikkje sjå skilnad på bregnerøter og trilliumrøter. Men sidan trilliumane har ein såkalla rhizom (rotstokk/knoll med siderøter), klarte eg det etterkvart. Men jamen var det mykje av trilliumen også, inne i denne andre rota. Dei største, med bladpar og alt, blei planta ut andre stader i lundhagen. Dei minste, og  det som berre var røter, blei sett i potter i drivhuset. Så spørs det då, om det blir blomstring i år? Nå er nå i alle fall både bregna og trilliumen redda. Håpar eg..... Men aldri er det sikkert at desse eg sette ut nå, dukkar opp neste år. Trilliumar er lunefulle slik. Etter flytting kan dei utebli opp til 2-3 år, og så plutseleg dukka opp. Så ikkje avskriv ein trillium! Til mi store glede nå i vår, dukka Trillium govanianum ( heiter eigentleg Trillidum govanianum, og er ein nær slektning) opp t.d., etter 3 år. Tvilar på om han har knopp, men han er nå der.

Dei fleste trilliumar kjem frå Nord- Amerika. Mange av dei veks oppe i Appalachiansfjella, i grenseområda mellom delstatane North Carolina, Tennessee, Virginia, West Virginia og Kentucky. Våren 2008 var eg oppe i desse områda og såg trillium inne i dei enorme underskogane av rhododedron. Dette var vel helst Trillium grandiflorum, trur eg. Trillium er i USA som kvitveisen her om våren. Store område er heilt dekka. Det var litt av eit syn og ei kjempeoppleving for ein trillium -og rhododendronfantast som meg.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 13:04

Vacker Hage och så vacker miljö du bor i. Söt katt också som sällskap på promenaden :)
Tack för att du delar med dig av de fina korten
Karin SKARA //

...
28.07 | 22:52

Det er du hjarteleg velkommen til, om du er på desse kantar.

...
28.07 | 19:49

For ein hage! Og så mange flotte planter du har! Kor kjekt det hadde vore å få sjå hagen ein gong :)

Ragnhild

...
14.04 | 20:17

Så nydelig du har presentert bildene fra din skjønne hage med musikk osv.

...
Du liker denne siden