Anne Torhild sine hagesprell og litt til. Hendingar og tankespinn

Fjellhagen, stein -og grusbeda.

5.april

I dag vil eg skriva litt om fjellhagen og steinbeda mine. Fjellhagen har eg forsåvidt presentert på framsida, under "Litt hagehistorie."

Eg har alltid vore fascinert av steinbedplanter. Jo rarare, dess betre. Kompakte vekseformer og uventa og artige blomar. Fine å klappa på er dei også. Harde, tette tuer.

Særleg saxifragaene ( sildrer), har eg hatt sansen for, men det er så mange andre. Androsacer, drabaer (rublomst), sempervivum (takløk), sedum (bergknapp) etc, you name it. Ein eg ventar spent på og som kanskje vil bløma nå i vår, er Callianthemum anemoneoides. Den sådde eg for 3-4 år sidan, og den har overlevd 3 vintrar ( ikkje gløym dei 2 tøffe i fjor og forfjor) ute. Optimisten i meg ventar spent.

For 4 år sidan laga husbond  nytt bed av restane i ein del av den forrige fjellhagen. Der hadde eg tidlegare "mura" med både avislag og torvblokker. At eg på den tida, i slutten av 1990 - åra, hadde eit svære strev med å få tak i torvblokker, er ei heilt anna historie. Ingen visste kva det var, og i alle fall ikkje kva eg skulle bruka dei til. Dei berre rista på hovudet, såg rart på meg og lurde på om dama var heilt vel bevart. Eg måtte heilt til Grimstadkanten til slutt med tilhengjar og greier. Eg prøvde meg på torvskjering også. Ein snill nabo på heia hadde ei torvmyr der eg kunne prøva. Eg skjøna veldig fort at det er heilt sant at dei i gamle dagar sleit i torvmyrene. Mygg og klegg, orm, slever og firfisler og andre likesinna likar seg også på slike plasser. Karriera som torvskjerar tok ein brå slutt. 

Så var det avispapir. Eg samla aviser ein heil vinter i lader. Har aldri sett så mange aviser på ein gong, sjølv om eg i min "grønne ungdom" jobba i Haugesunds Avis på trykkeriet der som korrekturlesar. Eg hadde nemleg fått med meg at aviser var "kluet" når det galdt støttemurar. Var til og med reportasjar i hageblad om "hagekjendisar" som brukte dette. Men at somme av desse folka  i tillegg grov ned gamle tepper og matter i beda også, var liksom ikkje heilt meg. Det fekk vera ei grense. Kva hadde skotskrutete vegg -til veggteppe i grelle fargar, laga av kunstfiber og med gummiert bakside i eit bed å gjera? Kunne det vera miljøvennleg? Det minna litt om eldre tider då ein hadde ein særleg plass, kalla "dynga" ( eller "røysa") ikkje langt frå huset, der ein kasta det meste. Det vil seia, før det på 60 -og 70-talet blei innført tvungen renovasjon, og dei fleste kommunar haddde ei eller fleire søppellister mot dette fenomenet ved lokale val. I alle fall her på Sørlandet.

Me hadde ei slik dynge heime også, og særleg to av tantene mine var ihuga tilhengjarar av den. Men det var observante og oppfinnsame ungar på garden også, som fekk det meste med seg, og kanskje alt same kvelden blei alt det nye skrotet frakta heim att i stor triumf over alle dei nye og flotte skattane. Somme var jo ivrigare til det enn andre, då....for alt kunne nyttast i ei leikehytte. Nå har den samlemanien utarta seg meir i retning, tja....planter?

 

Tilbake til avisene. Då våren kom, bar det til å mura. Well..... ikkje det finaste eg har sett, men det fungerte på ei vis. Det vil seia, eit par års tid, til avisene så smått begynte å smuldra opp, og det var avisbetar overalt. Og då meiner eg OVERALT! OK!! Kvifor brukte eg ikkje stein med ein gong? Ja, det har eg spurd meg sjølv om mange gonger. Men med ein travel husbond og sjølv ein travel kvardag med hus og heim, ungar og jobb, skulle det gjerast lettvint. Eg hadde jo brukt stein lenger oppe i bergsida. Den som etterkvart rasa ut med hjelp av strenge vintrar, frost og tele. Så folkens, GODT GRUNNARBEID ER VIKTIG! Dessutan visste eg for lite om steinbed og fjellplanter i det heile tatt. Ikkje visste eg kven eg kunne rådføra meg med heller. Så dette har vore "Learning by doing" i ordet sin rette forstand. Særleg mange av plantene hadde eg rett og slett ikkje nok kunnskap om. At somme av dei overlevde i fleire år, må vel seiast å vera eit under.  Nå føler eg at eg har komme til eit punkt der eg trur eg kan mestra denne delen av hagen så omtrent. TRUR EG......... Med hjelp av gode plantevenner rundt om som KAN dette, og ikkje minst etter å ha høyrt, lese om og vore på besøk i PETER KORN ( som er "guru" på dette området) sin hage i Sverige i fjor, skjønar eg kanskje litt meir.

 

Men framleis har eg kjempesperre for å rista all mold av steinbedplanter, og planta dei rett i sanden. I fjor gjorde eg ikkje det, litt mold måtte dei jo ha ( trudde eg). Det har straffa seg med at frosten har løfta dei opp, over sandnivået. Dei som av ein eller annan grunn blei planta rett i sanden, utan jord, står like fint. Så dei få eg har planta til nå i år, rista eg, under stor tvil, molda av. Akkurat det har eg ikkje skjønt ennå.....Og som sagt, sperrene var/er store...... og eg har framleis utruleg mykje å læra.

Akkurat dette med sand i staden for mold etc., og korleis ein byggjer opp eit stenbed, skal eg ta for meg i ein annan samanheng. Det kan jo verka litt forvirrande på nokon kvar, meg sjølv inkludert.

 

Eg vil nemna eit par bøker som har vore til stor inspirasjon og nytte. Først og fremst den danske forfattaren Jørn Dannesboe bok "Stenbedet" ( Dansk Gyldendal forlag). Denne boka er reine steg for steg - oppskrifta ved anleggjing av fjellhage/steinbed. Han har også tatt med alfabetisk liste over plantearter,  vekstvilkåra deira og kor godt dei kan klara det tøffe, nordiske klimaet.  Adresser til opne hagar, planteskular, klubbar/foreiningar i Danmark, Sverige Storbritannia, Tyskland og Sveits er også med i boka. Ei anna bok eg har hatt stor glede av, med omsyn til ideear og inspirasjon, er "Drømmehagen slik blir den virkelighet" av dei svenske forfattarane Lisa Winnerlid, Sven Gösta Johansson og Folke Mattson, omsett til norsk av Mona Lande, Gyldendal forlag. Elles kjem eg etterkvart til å leggja ut bilder i albumet frå fjellhagen/ steinbeda.

Jørn Dannesboe har forresten også skrive ei bok om lundhagen/woodland, og den fekk eg tak i nå i vår då eg var ein tur i Danmark. Så nå skal det bli fart i lundhagen min også. Men det er eit anna kapittel.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 13:04

Vacker Hage och så vacker miljö du bor i. Söt katt också som sällskap på promenaden :)
Tack för att du delar med dig av de fina korten
Karin SKARA //

...
28.07 | 22:52

Det er du hjarteleg velkommen til, om du er på desse kantar.

...
28.07 | 19:49

For ein hage! Og så mange flotte planter du har! Kor kjekt det hadde vore å få sjå hagen ein gong :)

Ragnhild

...
14.04 | 20:17

Så nydelig du har presentert bildene fra din skjønne hage med musikk osv.

...
Du liker denne siden