8. mars
I dag skriv me 8. mars og Kvinnedag. Heilt greit det. For mange kvinner jorda over, er den dagen ein viktig dag, ein dag som kan gi dei eit lite håp om ei betre framtid.
Etter vår i sist veke, kom det ny snø i går. Men snøen som kjem nå, plagar meg ikkje, for eg veit han blir ikkje liggjande lenge. Og sola er nå kommen heilt over heia, og titta inn stoveglaset rett før kl. 11.00 i dag. Stor framgang etter å først å vera
borte i 3 månader, og så dukka opp att 4. februar, berre eit kvarters tid. Nå skin ho i hagen og gir varme og liv heile 7 timar pr. dag, knapt ein månad etter at ho dukka fram frå vinterdvalen. Midtsommars er det rundt 18 timar.
Så fekk eg endeleg fotografert dei fantastiske planteborda (tidlegare CD-bord frå eit bibliotek) eg fekk tilsendt frå Solfrid i Fredrikstad. Gler meg som ein unge til å ta dei i bruk. Og så hadde eg årets første foto-seanse i hagen.
Men eg gremmest litt over dei to solcelleskulpturane eg raska med meg på AZ i Hjørring. I kveld blinka det først
raudt, så grønt og så gult......... Ja, du las rett!! Sto liksom ikkje i stil med skulpturane som var skikkeleg romantiske å sjå til. Reine rokkokofigurane
som passa godt inn i rosehagen min. Det skal ikkje vera enkelt!
Elles driv eg innimellom og ryddar i desse oppskriftene, og klør meg i hovudet over kvifor eg har samla på alt dette opp igjennom åra. Men jammen er det mykje god mat. Og alle dei lekre kakene........ Det er berre det at til dagleg har eg eit enkelt og sunt
levesett og er aldeles ikkje glad i søtt. Så det blir sånn litt tragikomisk. Men det er meg i eit nøtteskal, til tider litt kontroversiell og "kjerringa mot straumen" -type. Somme vil seia at eg er litt uforutseibar.