Anne Torhild sine hagesprell og litt til. Hendingar og tankespinn

Pelargoniar, rotlus og litt til.

27. februar 2012.

Regn og skodde ute, etter ein strålande fin søndag i går. Meryl Streep har vunne Oscarpris, og det kjennest godt, sjølv om me ikkje er i same bransje. Men sidan me er omtrent jamgamle, viser det berre at "dei gamle er eldst". Planen i dag, er klipp og frisering av pelargoniar. Og sidan plantene ikkje kjem seg til frisøren, må frisøren komma til dei. Håpar ikkje for mange har tatt kvelden. Det er både vanlege og uvanlege Zonaler, hengepelagoniar, duftpelargoniar og botaniske arter (villarter). Zonalene har eg for bladverket si skuld. At mange av dei har flotte blomar også, er berre eit pluss. Hengepelargoniar er strengt tatt ikkje blant favorittane, men har nokre få med spesielle blomar og ditto bladverk. Det det heile starta med, var "duftene". Bladene på dei duftar alt frå dei lekraste roser til sure sokkar. Via "duftene" oppdaga eg dei botaniske, dei opprinnelege artene. Alt dette skjedde for ca 20 år sidan. Ingen eg kjende, samla på pelargoniar. Kom etterkvart i kontakt med bl.a eit frøfirma i Canada som både selde stiklingar og frø. Sådde dei få frøsortane dei hadde ( dei selde ikkje stiklingar til Europa, så det kunne eg berre gløyma), og etter det balla det heilt på seg. Også frøfirmaet "Silverhill" i Sør Afrika ( pelagoniane sitt heimland) har eg fått mykje frø frå. Og nokre få stader her til lands oppdaga eg hadde stiklingar til salgs. ( M.a. Randi Ulvik Haugan, Langangen Planteskole og Det Lille Gartneri). Etterkvart også fleire lokale aktørar. På det meste hadde eg nærare 300 pelargoniar. Og eg kjøpte bøker om pelargoniar, las til auga blei stort og vått, og fann ut at eg ikkje kunne ha alle. Her galdt det å setja grenser. I 2007 var eg med og starta Pelargoniaforeningen Sør som ei grein av Den Norske Pelargoniumforening.  

Så kom rotlusa..........Først visste eg verken at det var noko som heitte det, eller at eg hadde det på mine planter. For plantene ser friske og fine ut, trass i angrep. Bladlus, ull-lus, hovudlus, flatlus, lakselus, skjoldlus, joda, alle desse hadde eg høyrt om, utan at eg dermed hadde vore i kontakt med alle. Men rotlus? Heldigvis var det ein annan ihuga pelargonfantast som gjorde meg merksam på problemet, og då skreid fruen til verket. FOR: det var ikkje berre ei og anna plante som hadde det, men ganske mange. Sånn sett omtrent alle. For rotlus er som dei fleste lus, veldig smittsamt! Når plantene står saman på same brett, eller blir potta om på same stad, følgjer lusa med. Sjølvsagt gjer ho det. Ho har jo reine festkalaset året rundt. Og ein ser ho ikkje, for ho er nede i potta. Eg hadde jo sett dette blåkvite belegget på innsida av pottene, og noko kvitt i molda rundt røtene, men gjekk ut frå det var noko i jorda, ein slags steinar eller fyllmasse, TRUDDE EG! Ja, på ein måte var det jo det! Men folkens! Det var rotlus!  Og faktisk såg eg jo då at at mange av desse kvite prikkane i jorda rett og slett rørde på seg! Då var ikkje vegen lang til det eg kallar "hestekuren"! Og som faktisk hjalp! Men tenk dykk, over 300 planter skulle gjennom dette......!!

STEG 1: alle plantene blei reinsa for mold, spylde med lunka vatn frå hageslangen og sprøyta med PROVADO på røtene. Dette blei gjort på ein spesiell stad, slik at lusa ikkje skulle følgja med til neste stasjon. STEG 2: Alle fekk heilt reine potter og nye etikettar, vaska i grønsåpevatn, og ny mold eit stykke frå spyleplassen. Dei som var hardast ramma, blei sett til rotbløyting over natta i ei blanding av vatn, grønsåpe, raudsprit og matolje. Til ei bøtte vatn brukte eg eit par spiseskeier med olje og sprit og ein god dæsj med grønsåpe. Dette var om hausten før plantene blei sette inn. Neste vår blei alle undersøkt på nytt, og dei som framleis hadde lus, fekk ny behandling. Må nok tilstå at eg mista ein del planter den vinteren, men det var av andre årsaker. Somme tørka opp, og andre fraus. Men det er ei anna historie. Kort sagt er det å berre å innrømma at etter dette mista eg litt av iveren, så det er ikkje fullt så mange planter nå. Kanskje like greit. Men kvifor heiv eg dei berre ikkje, og skaffa meg nye? Somme av desse plantene hadde eg hatt i 10-15 år. Mange var uvanlege og sjeldne, pluss at eg faktisk hadde ala dei opp sjølv. Så då kastar du berre ikkje med ein gong. Men kor kom rotlusa frå då? Ja, sei det. Kan ha følgd med planter frå andre eller komme av seg sjølv utanfrå? Fuglane veit. Står planter med potta rett på bakken, kan dei sikkert komma inn på den måten. Derfor er det lurt å ha underskål, eller la dei stå oppå ei hylle eller liknande.

Vel, vel, det var rotlusa.

Før hadde eg oppvarma drivhus som plantene stod i om vinteren.Men det blei dyrt i lengda. Frykteleg dyrt, med straumrekningar som ikkje likna nokon ting, sjølv om drivhuset var isolert og polstra etter alle kunstens reglar. Og kva om straumen gjekk? Det opplevde eg eit år i slutten av februar. Plutseleg blei det beinkaldt, ned i -22 gr. ei natt. Av alle netter var det den natta E- verket hadde bestemt seg for å slå av straumen for å fiksa eit eller anna. Gjett om det var ei som fekk panikk. Plutseleg var frua lys vaken, og særleg meir svevn blei det ikkje den natta. Ikkje kunne det nytta å gå ut og sjekka heller. Det fekk berre stå til.  Plantane hadde nettopp begynt å skyta, så her var det stor fare på ferde. Ein del nye skot fraus, men plantane klarte seg stort sett. PUH!!

Nå står dei i frostfri kjellar med plantelys, og det fungerer veldig bra. Startar rett nok ikkje sesongen like tidleg, men er mykje greiare å justera når det t.d. gjeld vatning og temperatursvingingar. Berre nokre få har sagt takk for seg denne vinteren. Og det er noko spesielt når du ser dei skyt nye skot. Dagens dont gjekk godt unna. Fekk faktisk tatt fleire enn eg hadde tenkt før ryggen begynte å krangla og klaga, så det var bra. Resten står for tur i morgon.Whow

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 13:04

Vacker Hage och så vacker miljö du bor i. Söt katt också som sällskap på promenaden :)
Tack för att du delar med dig av de fina korten
Karin SKARA //

...
28.07 | 22:52

Det er du hjarteleg velkommen til, om du er på desse kantar.

...
28.07 | 19:49

For ein hage! Og så mange flotte planter du har! Kor kjekt det hadde vore å få sjå hagen ein gong :)

Ragnhild

...
14.04 | 20:17

Så nydelig du har presentert bildene fra din skjønne hage med musikk osv.

...
Du liker denne siden