Korleis det heile starta. How it all started.

Interessa for hage og planter. The interest in gardening and plants.

Alt som lita jente, var eg interessert i naturen og alt som spirer og gror der.
Already as a little girl I was interested in the nature and everything growing and living there.

Her er eg 3 år. Eg ordnar hårsløyfa fordi eg veit eg blir tatt bilete av. Og dei eldande raude tulipanane som stod i blomsterbedet til farmor, kan eg ennå minnast. Eg syns dei var aldeles nydelege, noko av det finaste eg hadde sett. Tulipanane gjorde eit mektig inntrykk på meg. Andre blomar som høyrer til dei tidlegaste barndomsminna mine, er auriklene  og busknellikane til mor mi.

Here I am about 3 years old. Since I understood my aunt was going to take pictures, I was shining up my big, red hairbow. It was just as red as the tulips behind me in my grandma's flowerbed. They were the most beautiful things I had seen ever. I still can memory just that moment. The tulips made a big impression on me. Others flower-memories from my early childhood  are the auriculas and the sweet williams (pinks) in my mother's garden. 

Historia om hagen. The story about the garden

Så lenge eg kan hugsa, har eg vore interessert i naturen og alt som lever der. Nokre av dei tidlegaste minna mine har med planter  å gjera. Fargane, duftene, alt gjorde eit mektig inntrykk på ei sansevar småjente som elska alt det vakre. Rundt leikestova mi laga eg den første hagen med god hjelp av ei mor som gav meg planter, støtta og oppmuntra meg. Seinare blei det  hagearbeid, så sant der var ein hageflekk, på dei ulike stadene me budde etter me gifta oss. Men sidan det var leigehus, blei det ikkje det heilt store. Me skulle jo flytta før eller seinare. Men då me bygde på heimplassen til Sven, i hagen til svigerforeldra mine, tok det heile av. Dette var rundt 1983/84 . Tomta rundt sjølve huset er på ca 2 mål. (I dag reknar me også områda rundt uthusa, nede ved elva og "Knuden" til hagen, slik at det til saman blir omlag 6 mål). Først blei det plen. Like ved huset ligg det ein bergkolle ( den som me kallar "Knuden").  Langs foten av denne blei det første bedet laga til med kant mot plenen. Mot vegen blei det sett opp nettinggjerde. Innafor gjerdet blei den første grønsak - og bærhagen til. Det var naturleg i og med at det mot grensa til det gamle våningshuset og hagen der stod ein del bærbuskar og også prydbuskar. Etterkvart blei den gamle hagen innlemma i den nye, slik at dei i dag framstår som ein hage. Nettinggjerdet blei med tida erstatta med stakittgjerde, og det kom ein ganske stor terasse rundt to av sidene på huset. Framfor huset blei det laga eit bed som ei fortsetjing av prydplanterekkja som stod i den gamle hagen. Interessa for planter har alltid vore der, så heile tida samla eg planter av ulike slag. Først heime hos mor mi på Vestlandet. Etterkvart starta eg med å så sjølv og saumfara gartneri og hagesenter som på den tida ikkje nett hadde det store utvalet. Ei av dei første "dillene" eg hadde ( og framleis har), var gamle duftroser, såkalla "Prestegardsroser". Seinare er det blitt mange andre "diller", så som rhododendron, liljer, dagliljer, alunrot, steinbedplanter, woodlandplanter og mange andre. Så ein kan godt seia at eg har ein slags samlemani for planter. Og jo særare og spesielle dei er, dess betre. Alle desse plantene krevde sin plass, så etterkvart blei det laga til fleire og fleire bed rundt heile hagen. Plenen er blitt mindre og mindre, men samstundes syns eg det er bra med ei slik beroligande, grøn flate som på ein måte bind det heile saman. Også  "Knuden", blei bearbeida med murar og små avsatsar, og var fin i mange år. Men regn og tele krevde etterkvart sitt, så dei siste åra har denne delen lege brakk inntil vidare. Det er meininga å fornya denne delen, men på ein enklare og meir lettstelt måte. Hagen er på ingen måte ein "strigla" hage, men heller litt rufsete. Det er ugras og forvokste partier både her og der, og sidan det heile tida er nye prosjekt og idear på gang, er det også ein del rot rundt om. Men fordi eg er opptatt av form og farge og at det skal danna ein heilskap, trur eg likevel at eg til ein viss grad har klart å skapa ein harmonisk og roleg hage. Ein hage eg håpar det er godt å vandra rundt i, nyta fargane og formene og kjenna dufta av ei rose, ein syrin eller kanskje ein vivendel.

Hagen med elva i bakgrunnen. Utsikt frå "Knuden". The garden and the river in the background! View from the " Knuden".

Fjellhagen på 1990-talet. The rock-garden in the1990's

Fjellhagen blei opparbeid rundt 1990 og nokre år framover. Det blei laga stiar, trapper og terasser, både av stein og av torvblokker. Hagen var fin i mange år. Men etter kvart gjorde kalde vintrar, frost og regn sitt til at hagen etterkvart rasa meir og meir ut. Det var eit slit å halda han fin, for fundamentet var for dårleg. Planter blei flytta, og han blei liggjande brakk nokre år. Nå er han delvis opparbeid, nederste del er ferdigstilt, og den øvre terassen står for tur. Planteutvalg og opparbeiding skal gjerast på ein enklare og sikrare måte. 
Fjellhagen i 1994. The rock garden in 1994.

Fjellhagen 2011

Steinbedplanter skal på plass i det nye sand- og grusbedet nederst i fjellhagen.

 Rockplants finding their place to grow in the new sand-and gravel bed at the bottom of the rock garden.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 13:04

Vacker Hage och så vacker miljö du bor i. Söt katt också som sällskap på promenaden :)
Tack för att du delar med dig av de fina korten
Karin SKARA //

...
28.07 | 22:52

Det er du hjarteleg velkommen til, om du er på desse kantar.

...
28.07 | 19:49

For ein hage! Og så mange flotte planter du har! Kor kjekt det hadde vore å få sjå hagen ein gong :)

Ragnhild

...
14.04 | 20:17

Så nydelig du har presentert bildene fra din skjønne hage med musikk osv.

...
Du liker denne siden